Program

Bondetinget.jpg

 

Teatret Vårt: Bondetinget
Last ned som iCal-fil

Dato: Lørdag 23 april 2022
Tid: Kl. 19:00

Pris: 200/150
Sted: Arbeideren

Dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk

Landbruket har vore i ei rivande utvikling i Norge dei siste tiåra. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så mange produsert så mykje for så lite.

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt. Vil bygdene våre overleve?

Bondetinget er ei undersøking og eit djupdykk i historia med fokus på dei dramatiske 1970-åra. Vi samlast til bondeting for å granske paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata. Gjennom iscenesette samtalar, talar og historiske møte tek skodespelar Kyrre Eikås Ottersen oss innom mellom anna Øksnesutvalet, Hitra-opprøret og opptrappingsvedtaket. Han gestaltar ei heil rekke personar på dialekt, blant andre Jan E. Mellbye, Einar Gerhardsen og Helge Bergo.

Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke som har gjennomgått alarmerande endringar sidan tusenårsskiftet: Talet på gardsbruk i fylket gått ned med 37 prosent, talet  på mjølkeproduksjonsbruk er halvert og vi er blant dei fylka der mest dyrka og dyrkbar jord blir omdisponert til andre føremål. Teatret Vårt besøker samfunnshus i heile fylket med denne viktige framsyninga.

Bondetinget er produsert av Teater Vestland i samband med at Norges Bondelag feira 125 år i teneste for den frie, norske bonden i 2021.  

Av Torkil Sandsund
Regissør Torkil Sandsund
Dramaturg Aslak Moe
Lysdesignar Krystian Myska
Visuelt uttrykk Torkil Sandsund
Dekormålar Charlotte Rintler
Medverkande Kyrre Eikås Ottersen
Eit gjestespel frå Teater Vestland

Basert på samtalar med og bøkene til Helge Bergo:
«Norsk jordbruk – ei økonomisk slagmark» (Samlaget) og “Avviklinga av den norske bonden” (Vestlandsforlaget).

Gavekort

Gi bort kulturopplevelser! Kjøp et eGavekort - det kan brukes til alle våre forestillinger.

Gavekortet skrives ut med en strekkode som scannes når kortet benyttes, og har en pinkode til bruk ved kjøp av ebillett.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær først til å få med deg nyheter og kommende arrangementer.
Ålesund kommune

Billettkjøp