Program

Baker Hansen Logo av Christopher Owe.jpg

 

Baker Hansen: Chet på norsk
Last ned som iCal-fil

Dato: Lørdag 11 september 2021
Tid: Kl. 21:30

Pris: 300
Sted: Foajeen på Parken kulturhus

Chet Baker si stemme og trompet er forteljarstemma i cooljazzen. MenChet Baker si stemme og trompet er forteljarstemma i cooljazzen. Menkorleis let forteljingane på vårt eige morsmål?
Sart. Sårt. Og samtidig uimotståeleg coolt - slik kan Chet Baker sin musikk skildrast.Korleis lytter ein med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen?Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst?

Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk ogframført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige målkjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 150 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.

"En liten perle" Lytterom NRK P2
“Ein sikker scenesuksess” Roald Helgheim, Dagsavisen
“Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etterlegenden Chet Baker inne” Tor Hammerø, Side2

Baker Hansen har gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019).

Sigurd Rotvik Tunestveit: song og gjendiktingar
Kristoffer Eikrem: trompet
Tore Flatjord: trommer
Kjetil Jerve: piano
Stian Andreas Egeland Andersen: kontrabass

Gavekort

Gi bort kulturopplevelser! Kjøp et eGavekort - det kan brukes til alle våre forestillinger.

Gavekortet skrives ut med en strekkode som scannes når kortet benyttes, og har en pinkode til bruk ved kjøp av ebillett.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær først til å få med deg nyheter og kommende arrangementer.
Ålesund kommune

Billettkjøp