Spørsmålet om korleis kyrkja bør møte dei homofile og lesbiske skaper store bølgjer både lokalt, på landsplan og internasjonalt i kyrkja. Kan kyrkja vigsle likekjønna, kan praktiserande homofile og lesbiske få tilgang til alle stillingar i kyrkja, eller er det mogleg å inkludere homofile og lesbiske utan å gi dei slike rettar?
Espen Ottosen – informasjonsleiar i Norsk luthersk misjonssamband og ei tydeleg konservativ røyst – møter Helen Bjørnøy – SV-politikar, tidlegare fylkesmann og leiar i Kirkens bymisjon som har vore like tydeleg på den liberale sida. No møtest dei til samtale leia av Tore Johan Øvstebø. I tillegg snakkar Geir Tarje Bruaset om å finne seg sjølv og ein plass i kyrkja, Oddvar Bjørge om å ha eit barn som står fram som homofil og psykolog Marit Bruset om kvifor ho er skeptisk til likekjønna vigsel.